Velkommen til               

Hovudbygningen er eit sjarmerande trehotell, eit galleri for interiør, måleri og skulptur i seg sjølv. Det er her du nyter
måltida, og slappar av og let deg inspirere av kunsten og estetikken som omgjev deg på alle kantar. Her har me 7 hyggelege rom; 2 store og 5 små dobbeltrom, alle med dusj og toalett. Romma er dekorerte med bilete gjort av kunstnarar som har vitja staden. På Nutheim er atmosfæra heimekoseleg; i salongen kan du sjå fjernsyn og peisestova slappe av med noko i glaset. 

Ruslar du nokre steg nedover i bakken finn du ei samling gamle hus. Her ligg Hjartdal gamle prestegard frå 1600-talet, som blei flytt til staden i 1963 av Erlend Grøstad. Prestegarden er ein praktfull bygning med vigsla kapell og moglegheiter for overnatting i heilt spesielle omgjevnader.                                      

I «Prestegardstunet» ligg det gamle Atelieret me i dag nyttar til overnatting og kurslokale. Du kan og bu i Buret eller Loftet, som og er flytt til staden av Erlend Grøstad.

Totalt 15 rom med 32 sengeplassar.
Det er trådlaust internett på alle rom.