Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i hjarte av Telemark med lang tradisjon for å ta imot vegfarande til servering og overnatting. Vi ynskjer deg velkommen til ein enkel kaffikopp, eit godt måltid heimlaga mat, eller til overnatting, målarkurs, møter/konferansar og selskap.

Kunsten står i høgsete hjå oss. Alle veggane i hotellet er pryda med bilde av kunstnarar som har besøkt staden. Her i den maleriske Telemarksnaturen, har kunstnarar henta inspirasjon til sine maleri i over hundre år.  Kunsten    Historie

Kunstnaren Erlend Grøstad kom til Flatdal i 1946 og gifta seg med Anne frå Nutheim. Dei tok over drifta og Erlend starta Nutheim Målarskule i 1960.    

No vert hotell og målarskule drive av dotter deira, biletkunstnar Ellen Grøstad Barstad og hennar familie. Hotellet har vore i familiens eige sidan 1917.
Hva skjer:
Utstilling "blå vinter" tresnitt Terje Grøstad Me har opent for grupper, selskap og arrangement.
Me har opent kvar dag frå 26. mars.
 

 

Design: Web Innovation