bed & breakfast

Overnatting

senger

seng


dobbeltseng
Dette finn du hjå oss på Nutheim

Hovudbygningen er eit sjarmerande trehotell, og eit galleri 

for interiør, måleri og skulptur i seg sjølv. Det er her du nyter

måltida, og slappar av og let deg inspirere av kunsten og

estetikken som omgjev deg på alle kantar.

Hotellet har 7 hyggelege rom; 2 store og 5 små dobbeltrom, 

alle med dusj og toalett. Alle romma er dekorerte med bilete gjort av

kunstnarar som har vitja staden. Det er ikkje fjernsyn

på romma, men på Nutheim har ei heimekoseleg atmosfære og

ein kan nytte salong og peisestove som opphaldsrom.


Ruslar du nokre steg nedover i bakken finn du eit sjarmerande 

tun med gamle hus. Her ligg det gamle atelieret me i dag 

nyttar til overnatting og kurslokale og

Hjartdal gamle prestegard frå 1600-talet. Prestegarden er ein

praktfull bygning med vigsla kapell og mogelegheiter for overnatting

i heilt spesielle omgjevnader.

På tunet er det og eit bur og eit loft nytta til overnatting.


Totalt har me 15 rom og 32 sengeplassar.

Me har trådlaust internett på alle rom