nutheim historie

NUTHEIM – skyss og handelsstad

I 1862 blei ein ny veg laga, med sideveg til Åmotsdal. I vegkrysset midt i svingen vaks det fram ein handelsstad. Her var det gardsdrift, landhandel, bakeri, slakteri, skysstasjon – og hotelldrift.                                                                                                                                      
Nutheim Hotell blei bygd i 1877. Hagen nedom hotellet vart annlagt i 1901 av dåverande eigar doktorfrue Gina Tommesen.
I 1917 kjøpte Svartdal-brørne staden. Sidan har hotellet vore i familien.

NUTHEIM – kunstnarhotellet i Telemark
Mykje av det nasjonale folkeminnestoffet vårt blei samla i Telemarksbygdene på slutten av 1800-talet. Dette saman med trollbindande natur og vakre ljosvirkingar førte til ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Dei søkte «det ekte» og «det særeigne norske».

Nutheim blei ein naturleg samlingsstad for kunstnerar som kom til Flatdal og bygdene omkring i heile den fyrste halvdelen av 1900-talet. Kunstnerar som vart knytt til Nutheim var Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen, Erik Werenskiold, Kai Fjell og Harald Kihle, Charles W. Strøm, Aage Storstein, Willy Midelfart, Anita Greve, Alexsander Schultz, Johannes Rian, Rudolph Thygesen, Eva Bull Holte, Sigurd Winge, John Anker, Eystein Sigurdsson, Eigil Madsen, Søren Steen-Johnsen, Harald Dal og Henry Johan Henriksen. Fleire fekk etter kvart side eigne stader i området.

I 1946 kom også kunstnarbrørne Erlend og Terje Grøstad til Nutheim. Her fann dei kvar si syster, som dei seinare skulle koma til å gifte seg med.
Femti år seinareskulle brørne også ta imor kongens fortenestemedalje i gull, for det kunstnariske virke sitt i Telemark. Terje Grøstad bygde seg eit atelier pånedsida av vegen, og etablerte seg som norsk grafikar og kyrkjekunstnar. Erlend og Anne Grøstad tok over drifta av hotellet i 1957.

I 1962 starta Erlend opp målarskulen, og flytta Hjartdal gamle prestegard til Nutheim. Erlend og Anne dreiv staden i 50 år, og har blitt heidra for engasjementet sitt for vedlikehald, kunst og kulturformidling.

Bilethoggar Ellen Grøstad fører familiearven vidare, og driv no hotellet saman med dotter si Solveig.