OVERNATTING

Ein eksklusiv og historisk stoppestad langs E134 mellom aust og vest

NUTHEIM HAR 20 TRIVELEGE ROM

Gjestgiveriet er eit sjarmerande trehotell, og eit galleri for interiør og måleri. Det er her du nyter måltida, slappar av, og let deg inspirere av kunsten og estetikken som omgjev deg på alle kantar. Alle rom er dekorerte med bilete laga av kunstnarar som har besøkt staden. Rett over tunet ligg låven, som husar 3 soverom, møterom og spa.

SÆRPREG

Ruslar du ned vegen finn du ei samling av gamle hus i eit tun. Her ligg Hjartdal gamle prestegard frå 1600-talet. Prestegarden er ein praktfull bygning med historiske rom, og eit eige kapell. På «Prestegardstunet» ligg det fleire byggningar som ein kan overnatte i. Her finn ein buret, loftet, undervisningsatelieret og Erlend Grøstads atelier. Alle romma har sine særpreg.

Nutheim tilbyr kostmetiske produkt frå Elm Organics på alle rom. Alle produkt er av høg kvalitet og er organiske og veganske.

ROMOVERSIKT

Gjestgiveriet: 8 dobbeltrom med eige bad/toalett
Låven: 3 dobbeltrom med bad/toalett
Prestegarden: 3 historiske rom med dusj/vask, delt toalett på gang
Buret: 2 separate senger eige bad/toalett
Loftet: 1 dobbeltseng eige bad /toalett
Erlend Grøstads Atelier: 1 dobbeltseng med eige bad/toalett
Undervisningsatelieret: 3 rom med delt bad