Make it stand out.

Historisk måltid

HISTORISK MÅLTID
"Telemark var lenge ein kvit flekk på kartet. Ut på 1800-talet kom vegutbyggingar som gjorde fleire av dalstrøka tilgjengelege for reisande.

Tenk deg korleis det var å reise i eit landskap der Rjukanfossen bruste vilt og vegen berre var ein sti for hest og karjol. Reiseskildringar begynte så vidt å komme på slutten av 1700-talet, og med ny grunnlov i 1814 og nasjonsbygging begynte folkeminnesamlarar å skrive ned muntlege tradisjonar – som soger, segner, folkeviser og eventyr.

Det var i denne perioden presten Landstad begynte å samle folkeminnestoff frå Telemark. Prestefamiliane var viktige informantar for samlarar fordi dei kunne lese og skrive og hadde tett kontakt med lokalbefolkninga.

I 1852 skreiv Bernhard Dunker, som då var riksadvokat, ei fascinerande reiseskildring frå Telemark. Han var på besøk i den gamle prestegarden i Hjartdal frå 1648 – nettopp den prestegarden som me sit i no, flytta hit til Nutheim!

Dunker var ein viktig gjest. Vertskapet hadde travle dagar med å førebu seg på storfint besøk frå hovudstaden, med lukt av røykt kjøt, ferskt brød og lokal øl i lufta.

De er våre æresgjester i kveld. Me inviterer dykk til sjølve måltidet, eit måltid inspirert av det dei serverte for riksadvokaten i si tid – og kanskje får de høyre kva for segner og soger som vart fortalt rundt bordet den gongen."


 

Inspirert av gamle reiseskildringar, naturen og råvarene kring oss har vi komponert ein 5-rettars meny med fakta og fantasi, og drikke som høver. Me dekker opp med vårt finaste servise og pyntar prestegarden til gjestebod. Vårt festkledde vertskap tek imot dykk og byr på forteljingar og skildringar og eventyr i stoger fulle av historie frå området. Skulle de ha lyst til å høyre folkemusikk frå området er det mogleg å bestille attåt.

Opplevinga passar grupper frå 4 til 18 personar.
Me tek imot kurs og konferansar, leiarsamlingar, feiringar og venegjengar – kort sagt alle grupper som har sans for god mat, historie og eventyr!