Nutheim er omkransa av frodig og fin natur med eit storslått utsyn
over Flatdal, og er eit strålande utgangspunkt for natur-, kunst-
og kulturopplevingar.
Frå Kongehella 200 meter opp frå Nutheim uttala kong Oscar den 2.
at det var det vakraste utsynet han hadde sett. Det er fleire flotte turstiar i
Flatdal og omkringliggande bygder.
Hjartal gamle prestegard frå 1600-tallet vart flytt til Nutheim i 1963
og restaurert. Prestegarden har eige kapell. På tunet ligg og
Galleri Nutheim, der du kan sjå utstilling med kunstnarar som er
tilknytt staden. Me tek imot grupper til omvising i Hjartdal Gamle
Prestegard og Galleri Nutheim.
Pris kr 60,-per pers
Rett over vegen frå Nutheim har Terje Grøstad opent atelier om sommaren.
I området rundt Nutheim ligg fleir plassar verd eit besøk:
Eva Bull Holtes billetgalleri og handverkstun – 16 km frå Nutheim. Opnar 22.juni
Seljordutstillinga er open i juli og august – 13 km frå Nutheim.
