SELSKAP
Me har lang erfaring med å stelle i stand til selskap, bryllaup, dåp,
konfirmasjon, gravferd og jubileum av ulike slag. For store selskap
kan vi dekke til ca 75 personar i spisestova på gjestgiveriet.
For mindre selskap, der ein ynskjer ei privat og intim atmosfære,
kan peisestova eller kjellarstova nyttast.
For dei som verkeleg ynskjer ei spesiell og annleis oppleving, kan me
og tilby eksklusiv servering i Hjartdal Gamle Prestegard frå 1600 talet,
mot tillegg i prisen. Spisestova har plass til 12 personar,
men me kan dekke til fleire om me i tillegg nyttar stova.
BRYLLAUP
På Nutheim Gjestgiveri kan de få brudevigsle og selskap i eitt.
Nutheim Kapell ligg i Hjartdal Gamle Prestegard og er vigsla til
økumenisk bruk. I praktfull natur og historiske omgjevnader
kan Nutheim Gjestgiveri gje dykk ei ekstra fin ramme på ein spesiell dag.
