SELSKAP
Vi har lang erfaring med å stelle i stand til selskap, bryllaup, dåp, konfirmasjon, gravferd og jubileum av ulik slag. For store selskap kan vi dekke til ca 80 personar i spisestova på gjestgiveriet. For mindre selskap, der ein ynskjer ei privat og intim atmosfære, kan peisestove eller kjellarstove nyttast.

For dei som verkeleg ynskjer ei spesiell og annleis oppleving, kan vi og tilby eksklusiv servering i Hjartdal Gamle Prestegard frå 1600 talet, mot tilegg i prisen. Spisestova har plass til 12 personar, men vi kan dekke til fleire om vi i tillegg nyttar stova.

BRYLLAUP
På Nutheim Gjestgiveri kan de få brudevigsle og selskap i eitt. Nutheim Kapell ligg i Hjartdal Gamle Prestegard. Kapellet er vigsla til økumenisk bruk.
I praktfull natur og historiske omgjevnader kan Nutheim Gjestgiveri gje dykk ei ekstra fin ramme på ein spesiell dag. 

Vi skreddarsyr meny, pynting og regi av dagen i samråding med dykk.
Prisar  -  Selskapsmeny