Mat & drikke

Du et og drikk godt på Nutheim! Vi er genuint opptekne av mat, og maten me serverer er ærleg og god.

Ambisjonen er å vera rause, i detaljar og smak - og estetikken finn du ikkje berre på veggane, du finn den også på tallerkane.

Sjølv om nokre av kakeoppskriftene kan daterast attende til før fyrste verdskrig, lar vi oss kontinuerlig inspirere. I menyen vår kan du difor velgje i eit brett spenn av varierte rettar, frå oldemors festgraut til franskinspirert and.

Vi serverar større og mindre lunsjrettar, kaffi og søte saker, kvar dag mellom 12.00 og 18.00, både inne i restauranten og på uteservering med fantastisk utsyn over Flatdal, Skorve, Mælefjell og Lifjell.

Klokka 19.00 opnar vi dørene for kveldens ganenytelse, 4-rettars middag, både til hotellgjester og andre som ynskjer et godt måltid.

 

Hjå oss kan du nyte godt varetekne tradisjonar overført frå mor til dotter heile fire gonger. Solveig, Ellen og vår dyktige kokk fra Slovakia lagar maten frå botnen av, me nytjar, så langt det er mogleg, råvarer frå lokale produsentar.

lammecarre

Vi har et utval gode vinar, og serverar stolt vårt eige heimebryggja øl, eplemost frå Epleblomsten i Sauherad og espressobaserte kaffedrikkar.

Nutheim bar har alle skjenkerettar.

beste kjøkken ever