konferanse lunsj

Møte/konferanse

konferanse lunsj

konferanse sal
Kurs, konferansar og møte på Nutheim




Nutheim har vore ein mykje nytta stad for kurs og møte i snart 100 år, både av bygdefolk
 
og kursgjester frå heile landet. I lang tid hadde me fleire vekelange målarkurs i året, men 

verda forandrar seg og me med den. Eigne målarkurs er no reduserte og erstatta av kurs 

i regi av verksemder, organisasjonar og enkeltpersonar som vil samlast for å formidle, 

motivere og inspirere. I omgjevnader som våre er det lett å nå nå fram med bodskapen sin, 

om den er kommersiell eller kulturell. 


Me har sjølvsagt det tekniske utstyret som skal til, og trådlaust nettverk heilt inn i den
 
minste avkrok. Det faglege innhaldet i kursa står bedriftene sjølve for, men me her på 

Nutheim syter for rammene - i form av trivsel, mat og drikke. For all erfaring tilseier at 

utan mat og drikke duger kursdeltakaren ikkje. I fellesskap set me difor saman menyar 

som er tilpassa både budsjett og anledning. Og sidan me berre kan ta i mot 15 kursgjester 

i gongen seier det seg sjølv at det ligg til rette for å oppfylle alt frå dei enkle til dei heilt 

spesielle ynskje. Dette syns me er ein viktig del av eit vellukka kurs.