På Nutheim har me ingen premierte stjernekokkar med fast spalteplass i media,
men me har noko dei andre ikkje har. Her kan du nyte godt varetekne tradisjonar
overført frå mor til dotter heile fire gonger. Hjå oss lagast maten frå botn av, og råvarene er så
kortreiste som mogeleg. Det vil du kjenne på smaken.
Dei sterke tradisjonane til trass, me er ikkje bonderomantiske i alt me serverer.

Sjølv om nokre av kakeoppskriftene kan daterast attende til før fyrste verdskrig,
har me for lengst tatt innover oss våre dagars matvanar. I menyen vår kan du
difor velje mellom eit breitt spenn av varierte rettar, frå oldemors romegraut til
franskinspirert and.
Me har valt å vera rause, både i porsjonsstørrelse og smak - og estetikken finn
du ikkje berre på veggane, du finn den også på tallerkane.
Her på Nutheim bryggar me ølet sjølve i vårt eige vesle mikrobryggeri. Dersom
du aldri har smaka eit ufiltrert, ikkje-pasteurisert øl før veit du ikkje kva du har
gått glipp av. Brygget vårt er så friskt, fyldig og velsmakande at fleire vegfarande
har enda med å bli over natta i rein lykkerus.
Sjølvsagt har me også eit rikt vinutval, tilpassa meny og sesong.