MAT OG DRIKKE

Du et og drikk godt på Nutheim. Me har servert mat til vegfarande og andre gjester i over 140 år, så det seier seg sjølv at me har erfaring på kjøkkenet. Me er stolte av å ha mange faste lokale matleverandørar, og brukar det vi har ikring oss basert på sesongen. Fleire av oppskriftene har gått frå mor til dotter i fire generasjonar, og me serverer tradisjonsmat med fransk vri - som tradisjonen var. Her er alt laga frå botn av. Me bakar alle kaker og brød sjølve.
DRIKKE - Også når det kjem til det leskande prøvar me å halde oss lokale. Me bryggar vår eigen pilsner, serverer eplemost, hyllebær- og solbærsaft frå nærområdet.

OPNINGSTIDER

Kjøkenet vårt er ope kvar dag frå 1.april til 1.oktober.
Det kan vera lurt å ringe oss på førehand, særleg i helgene, då me av og til har lukka selskap. Viss me veit at du kjem, kan me lettare rekne oss fram til kor mykje mat me skal lage.

LUNSJSERVERING FRÅ 12.00 TIL 17.00
DAGENS 4-RETTARS MIDDAG KL 19.00

Ring oss på 35052143

untitled-0892-2.jpg