male kurs

Om kurset

Grøstad

OM KURSET


Vekekurset har 35 undervisningstimar,

Teori og praksis går hand i hand. Vi vekslar mellom individuell undervisning 

og forelesingar. Kvart kurs har to lærarar som har brei erfaring, solid 

utdanning og er utøvande kunstnarar.

Den teoretiske undervisinga tek for seg utviklinga frå skisse til ferdig måleri, 

komposisjon, form- og fargelære, teknikk og kunsthistorie.

Den praktiske og individuelle undervisninga går føre seg om formiddagen. 

Om veret tillet det, tek vi med oss målarsakene ut. Vi oppheld oss i 

området rundt Nutheim eller på nærliggande stader. Om kvelden er det 

gjennomgang av dagens arbeid, samt teoriundervising.

Kursdeltakarane målar eitt bilete pr. dag.
 
KVA TRENG DU?

Elevane tar med seg det dei har av teikne - og målarutstyr, 

men kan òg få kjøpt det dei treng av utstyr på Nutheim.

Vi sel olje og akrylfargar av merket Old Holland og van Gogh 

i tillegg til annan materiell.

Old Holland-fargar er svært gode, best i test. 

Van Gogh er rimelegare studiefargar.

Til kurset treng du:
  • Skisseblokk og blyant
  • 4-5 lerret eller måleplater, kol, fiksativ
  • Palett, palettkopp for målarmiddel/vatn
  • 3 penslar, palettkniv
  • Målarmiddel(terpentin, white spirit) 
  • Målarfiller
  • Fargar olje-/akryl-/vassfargar 

PRAKTISKE OPPLYSNINGAR

Målarkursa er tett knytt til Nutheim Gjestgiveri ved at 

kursdeltakarane et og bur på hotellet og i anneksa rundt prestegardstunet. 

Frukost og 3-rettars middag vert servera i spisestova på hotellet. 

Vi smør eiga lunsjpakke ved frukosten.

Vekekurset starter mandag kl 12.00 med fordeling av rom og 

lunsj klokken 13.00 og varer til fredag kl 17.00.
                  
Vi nyttar både atelier og naturen som undervisingsrom, der er derfor viktig

å ha med komfortable og praktiske klede - samt skotøy som passar til ulike verforhold.

Vi har 15 rom.