I over 60 år har Nutheim Målarskule holdt kurs i landskapsmåling.
nybyrjarar og vidarekomne.
Kunstnaren Erlend Grøstad grunnla målarskulen i 1960. I dag
vert skulen drive av bilethoggar Ellen Grøstad Barstad.
Skulen har bakgrunn og idegrunnlag frå klassiske, akademiske
kunstteoriar frå det 20. århundre, som blei nytta av norske
Matisseelevar og av Telemarksmålerane.
80% av erfaringsgrunnlaget vårt er knytt til den visuelle sansen.
Ved val av motiv og komposisjon samt farge- og formlære ynskjer vi
å opne vegen inn i kunstverda. Vi skal lære å utdjupe og utvikle
våre visuelle evner, for å finne vår eigen stil og
utrykksform.
LA DET SOM INSPIRERTE KUNSTNERANE OG INSPIRERE DEG.
Kunstnerane som komhit til Nutheim søkte det gode liv. Her tok,
dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og
gjestfridom. Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerte like
mykje til sjelefred som til djerve tankar. Saman med fellesskapet
forløyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe
spor i norsk kunsthistorie.
