Møte og konferanse

Opp i gjennom historia har Nutheim vore ein mykje nytta stad for møte og kurs, både av bygdefolk og kursgjester frå heile landet. I femti år holdt me sjølv fleire vekelange målarkurs årleg, men verda forandrar seg og me med den. I 2011 vart me med i Håndplukket, nettverk for særskilde kurs- og konferansestader. Me held fortsatt eigne målarkurs, men kurs i regi av verksemder, organisasjonar og enkeltpersonar som vil samlast for å formidle, motivere og inspirere har de siste ti åra blitt vel så sentralt på Nutheim. I våre omgjevnader er det lett å nå nå fram med bodskapen sin, kommersiell som kulturell.


Me har møtelokale av ulik storleik, eit utval teknisk utstyr for møteverksemt og trådlaust nettverk på heile bruket. Det faglege innhaldet i kursa står bedriftene sjølve for, men me her på Nutheim syter for rammene - i form av trivsel, atmøsfære, god mat og drikke. I fellesskap set me difor saman menyar som er tilpassa budsjett og anledning. Ein fordel med å være små, er at me har rom for oppfylle alt frå dei enkle til dei heilt spesielle ynskje. Dette syns me er ein viktig del av eit vellukka kurs.