MALEKURS med Kjersti grøstad  og ELLEN grøstad Barstad

KUNSTKURS 2017 - Intense og lærerike dagar i hjartet av Telemark
I år er det kurs i uke 26, 27 og 31

Ved motivvalg, komposisjon, farge og formlære, ynskjer vi å opne vegen inn i kunstens verden.

Kursa har 35 faste undervisningstimar og går frå mandag til fredag. . Vi kombinerer individuell oppfølging og felles undervisning. Ein dag startar ofte med teikneøvelsar og qroquis for å trene koordinasjon, før ein byrjar på dagens verk av ulikt tema. Om kvelden blir det gjennomgang av dagens bilde og teoriundervisning. Kvart kurs har to lærarar og er for alle nivå.

 

Vi byrjar ofte dagen med croquis

Vi byrjar ofte dagen med croquis


Historikk - Kunstnarhotellet

 

Nutheim har frå starten av det 20. århundre vore ein stad for kunstnarar. Kunstnarane som kom til Nutheim søkte det gode liv. Her tok dei for seg av ro, lys, luft og motiv - men også av mat, drikke og gjestfridom. Den fjerne utsikta over dalar og fjell inspirerte like mykje til sjelefred som til djerve tankar. Saman med fellesskapet forlyste desse rammene skapande krefter som har sett djupe spor i norsk kunsthistorie. I over 50 år har Nutheim Målarskule holdt kurs i landskapsmåling. Kursa vert drive i samarbeid med Folkeuniversitetet, og er for både nybyrjarar og vidarekomne. Kunstnaren Erlend Grøstad grunnla målarskulen i 1960. I dag vert skulen driven av bilethoggar Ellen Grøstad Barstad. Skulen har bakgrunn og idegrunnlag frå klassiske, akademiske kunstteoriar frå det 20. århundre, som blei nytta av norske Matisseelevar og av Telemarksmålerane.
Fra rundt 1900 og framover fann mange av no kjende norske kunstnerar vegen til Telemark og Nutheim. Etter vintrar i utlandet ønskte mange av dei å praktisere på heimleg grunn. På Nutheim fann dei inspirasjon, kollegialt felleskap og ikkje minst ei hyggeleg atmosfære. Henrik Sørensen og Thorvald Erichsen vitja oss under den fyrste verdenskrigen, og i åra etterpå kom ein straum av andre som ville oppleve miljøet rundt kunstnarhotellet i Telemark. I 40-åra kom mellom anna Erik Werenskiold, Kai Fjell, Rudolph Thygesen, Willi Middelfart, Anita Greve, Johannes Rian, Harald Dahl, Åge Storstein, Harald Kihle, Charles W. Strøm og Dagfinn Werenskiold.

Kombinasjonane av trollbindande natur, sagn og myter, og dei ulike ljosvirkningane er ei spesiell inspirasjonskjelde for det som arbeider her. Straumen av kunstnerar heldt fram og fleire fekk seg plassar i området; John Anker, Eva Bull Holte, Arne Strømme, Kai Fjell og Eystein Sigurdson.

Erlend og Terje Grøstad kom hit rett etter krigen. I dag er kunstnarar som Eigil Madsen, Knut F. Latin, Torhild Grøstad, Phillipp Dommen og Trygve M. Barstad tilknytt området.


La det som inspirerte kunstnarane inspirere deg!

80% av erfaringsgrunnlaget vårt er knytta til den visuelle sansen, og difor er det viktig å lære å bruke det som er i synsfeltet. 
På kunstkurs på Nutheim skal vi lære å utdjupe, og ikkje minst, utvikle dei visuelle evnene våre i kunstnarleg retning, for å finne verdiar som gledar oss sjølve og andre. Det er difor grunnleggjande at elevane motiverast i arbeidet med å finne fram til eigen stil og utrykksform.