kunstkurs

Ved motivvalg, komposisjon, farge og formlære, ynskjer vi å opne vegen inn i kunstens verden.
80% av erfaringsgrunnlaget vårt er knytta til den visuelle sansen, og difor er det viktig å lære å bruke det som er i synsfeltet.
På kunstkurs på Nutheim skal vi lære å utdjupe, og ikkje minst, utvikle dei visuelle evnene våre i kunstnarleg retning, for å finne verdiar som gledar oss sjølve og andre. Det er difor grunnleggjande at elevane motiverast i arbeidet med å finne fram til eigen stil og utrykksform. 
Kursa på Nutheim passar for alle nivå. Det passar for deg som vil lære frå botn av, for deg som har erfaring med treng litt påfyll og for deg som treng ro og inspirasjon til å gjera det du likar. Kunstnerane som kom til Nutheim gjennom det 19.århundre stod ute å måla. Det gjer også vi. Når veret er bra tek vi med oss lærret, staffeli og fargar ut og brukar naturen som motivgrunnlag. Olje -og akrylfargar blir mest brukt, og vi har eige utsal for kunstmatriell i underetagen.
 

sommar 2015 217.JPG
P1040776.JPG

Kursa har 35 faste undervisningstimar og går frå mandag til fredag. Vi kombinerer individuell oppfølging og felles undervisning. Ein dag startar ofte med teikneøvelsar og qroquis for å trene koordinasjon, før ein byrjar på dagens verk av ulikt tema. Om kvelden blir det gjennomgang av dagens bilde og teoriundervisning. Kvart kurs har to lærarar og er for alle nivå.



              


      

Målarskulen historie

Når mange av våres mest kjende kunstnerar trakk heim frå kontinentet for å praktisere i heimlandet fant fleire av dei vegen til Nutheim, og Telemark. Her Erlend Grøstad starta opp Målarskulen i 1961. Han ville leve opp til dei rike kunstnartradisjonane som staden og bygdene rundt bar preg av.

Det er mange gode grunnar til å velje Nutheim som kursstad. Nutheim er og kalla «Kuntnarhotellet i Telemark» sidan så mange kunstnerar fann vegen hit, så lyset og utsikta har inspirert mange før deg. Både profilerte kunstnarar og ferske amatørar har kome til Nutheim for å finne inspirasjon. Vi har med tradisjon og nytenkning drive målarkurs i over 50 år. I tillegg til eit solid kunstkurs byr vi på fantastisk natur, historiske bygningar og god heimelaga mat Nutheim Gjestgiveri ligg langs E134,  2,5 time frå Oslo i retning vestover med prakfullt utsyn over Flatdal. Nutheim er ein gamal skysstasjon frå 1877, og har sidan byrjinga tatt imot gjester til overnatting og servering.

Kunstkurs i veke 26, 27 og 31

Kurset byrjar måndag kl 13 og varer til fredag kl 16

OPPHALD OG KURS med 4 overnattingar og mat (frukost og nistepakke kvar dag,  lunsj x 2, 3-retters middag x4)

Enkeltrom Telemarkstun, uspesifisert evt dele bad Kr 8520
Enkeltrom Nutheim Kr 9320
Enkeltrom Nutheim m/ utsikt Kr 9720
Historisk rom Prestegarden dele toalett Kr 8920

KURSAVGIFT Kr 4400,-

Er du intressert så ikkje nøl med å ta kontakt med oss på telefon 35052143 eller skriv til oss på nutheim@online.no.

P1040748.JPG