Rekka av målarar som har besøkt Nutheim frå 1900 og fram til i dag, er lang. Det var fleire grunnar til at kunstnarane kom hit. Det var tidleg kjent at folkeminnesamlarar som Wille, Asbjørnsen og Moe, Rikard Berge, Landstad, Olea Krøger og Johan Meyer hadde funne og  skrive ned mykje frå dei øvre bygder i Telemark.
 

Kunstnarane ville oppsøke kjeldene, og dei ville vera ute i naturen å måle ljoset. Dei fekk tilnamnet  Telemarksmalerne. 
 

Under den fyrste verdskrig kom Henrik Sørensen og Thorvald Erichsen til Nutheim. Erik Werenskiold, Henrik Sørensen, Harald Kihle og Kai Fjell leia ann. Dei henta inspirasjon frå dagleglivet, folkekunsten og den storslagne naturen.

Fleire av kunstnarane som deltok i konkurransar om utsmykking av Rådhuset i Oslo, var i periodar å finne på Nutheim. Her kan ein nemne Åge Storstein, Willi Middelfart, Dagfinn Werenskiold, Alf Rolfsen  og Per Palle Storm. Andre var Johannes Rian, Søren Sten Johnsen, Charles W. Strøm, Anita Greve og Olle Angkvist.


På det meste var det over 30 biletkunstnarar som budde i Flatdal for sommaren.

I fyrste halvdel av 1940 åra kom og ein ny straum av målarar, Rudolf Thygesen, Sigurd Winge, Kåre Espolin Johnsen, Ridley Borchgrevink og Harald Dahl.


Frå 1950-60 åra fekk kunstnarane Eystein Sigurson, Arne Stømne, Eva Bull Holte, John Anker, Eigil Madsen , Terje og Erlend Grøstad  eigedom i Flatdal og bygdene rundt. Området har framleis mange kunstnarar som bur her fast. Frå nyare tid må ein nemne kunstnarar som Knut Flatin, , Philipp Dommen og Torhild Grøstad , Anders Kvåle Rue og Anne Lise Rønjom Rue og Trygve M. Barstad.