| |

Nutheim Gjestgiveri er eit lite familiedrive trehotell i
hjarte av Telemark med lang tradisjon for å ta imot
vegfarande til servering og overnatting. Vi ynskjer deg
velkommen til ein enkel kaffikopp, eit godt måltid
heimlaga mat, eller til overnatting, målarkurs,
møter/konferansar og selskap.
Kunsten står i høgsete hjå oss. Alle veggane i hotellet
er pryda med bilde av kunstnarar som har besøkt staden.
Her i den maleriske Telemarksnaturen, har kunstnarar
henta inspirasjon til sine maleri i over hundre år.
Kunsten Historie
Kunstnaren Erlend Grøstad kom til Flatdal i 1946 og
gifta seg med Anne frå Nutheim. Dei tok over drifta og
Erlend starta Nutheim Målarskule i 1960.
No vert hotell og målarskule drive av
dotter deira, biletkunstnar
Ellen
Grøstad Barstad og hennar familie.
Hotellet har vore i familiens eige sidan 1917.
Hva skjer:
Utstilling "blå vinter" tresnitt Terje Grøstad Me har
opent for grupper, selskap og arrangement.
Me har opent kvar dag frå 26. mars.
|