
I 1862 fekk dei gamle Åsebrekkene ny vegtrase` med
sideveg til Åmotsdal. Som resultat av dette, blei
Nutheim eit lite senter for handel, med skysstad,
hotell, bakeri og gardsdrift.
Gina Thommesen kjøpte staden i 1901. Ho arbeidde opp ein
stor fin hage i bakkane nedanfor hotellet. I 1917 kjøpte
brørne Olav og Halvor Svartdal eigedomen, og det er
deira familie som framleis driv den dag i dag.
Etter 2.verdskrig kom kunstnarane Erlend og Terje
Grøstad til Nutheim. Som fleire andre kunstnarar
forelska dei seg i natur og folk. Dei fann kvar si
syster på hotellet. Anne og Erlend Grøstad overtok
drifta i 1957, og har gjennom 50 år forma staden til det
han er i dag.
Nutheim Målarskule starta i 1960, og tre år seinare
flytte dei Hjartdal Gamle Prestegard til Nutheim.
Erlend Grøstad fekk Seljord kommunes kulturpris i 1992,
kongens fortenestemedalje i gull og Telemarks
fylkeskulturpris for sitt arbeid med å føre vidare og
skape norsk kunst.
Gjestgiveriet har vore påbygd fleire gonger, og 1988-89
laga Statens vegvesen ny vegtrase` rundt Nutheim. Vegen
gjennom gardstunet vart borte, og den nye Nutheimsvingen
gav betre plass og ro til den gamle skysstaden.
Ellen Grøstad Barstad har i fleire år arbeidt saman med
sine foreldre, og i 2006 tok ho over ansvaret for
staden. |