nutheim historie

NUTHEIM – skyss og handelsstad

I 1862 blei det laga ny veg fjennom bygda Flatdal. Gamle ridestiar blei erstatta med ein brei slett veg for hest og kjerre som gjekk heilt til Notodden og Kongsberg. Midt i bakkane på veg opp til Aase laga dei ein sideveg til Åmotsdal og vidare til Rauland. I vegkrysset vaks det fram ein liten handelsstad. Her var det gardsdrift, landhandel, bakeri, slakteri, skysstasjon – og hotelldrift, og seinare bussterminal og bensinstasjon. 

Nutheim Hotell stod ferdig i 1877 og var egentleg hovedhuset på garden Einarjuvet som vart flytt til svingen når vegen kom. Einarjuvet låg nokre hundre meter frå der bygningen ligg idag. Nutheim hadde mange eigarar. I 1901 vart staden mellom anna eigd av ei doktorfrue, Gina Tommesen. Det var ho som fyrst laga til hagen nedanfor hotellet med grusgangar, lysthus og prydbuskar.

I 1917 kjøpte brørne Olav og Halvor Svartdal staden. Dei gifta seg med kvar si syster ifrå Seljord og staden har sidan vore i samme familie.

NUTHEIM – kunstnarhotellet i Telemark
Mykje av det nasjonale folkeminnestoffet vårt blei samla i Telemarksbygdene på slutten av 1800-talet. Dette saman med trollbindande natur og vakre ljosvirkingar førte til ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal. Dei søkte «det ekte» og «det særeigne norske».

Nutheim blei ein naturleg samlingsstad for kunstnerar som kom til Flatdal og bygdene omkring i heile den fyrste halvdelen av 1900-talet. Kunstnarar som vart knytt til Nutheim var Henrik Sørensen, Thorvald Eriksen, Erik Werenskiold, Kai Fjell, Harald Kihle, Charles W. Strøm, Aage Storstein, Willy Midelfart, Anita Greve, Alexsander Schultz, Johannes Rian, Rudolph Thygesen, Eva Bull Holte, Sigurd Winge, John Anker, Eystein Sigurdsson, Eigil Madsen, Søren Steen-Johnsen, Harald Dal og Henry Johan Henriksen. Fleire fekk etter kvart sine eigne stader i området.

I 1946 kom også kunstnarbrørne Erlend og Terje Grøstad til Nutheim. Her fann dei kvar si syster, som dei seinare skulle koma til å gifte seg med. Terje Grøstad bygde seg eit atelier på nedsida av vegen, og etablerte seg som norsk grafikar og kyrkjekunstnar. Erlend og Anne Grøstad tok over drifta av Nutheim hotell i 1957.

I 1962 starta Erlend opp målarskulen, og flytta Hjartdal gamle prestegard til Nutheim. Erlend og Anne dreiv staden i 50 år, og har blitt heidra for engasjementet sitt for vedlikehald, kunst og kulturformidling.

Bilethoggar Ellen Grøstad Barstad fører familiearven vidare, og driv no hotellet saman med dotter si Solveig. Ellen tok over drifta i 2006.