Det blei bygd ny veg austover mot Kongsberg i 1860-åra. Midt i stigninga blei ein nesten laga ein 180 graders sving med stikkveg til Åmotsdal. Her vart ein naturleg stad å byggje skysstasjon og herberge. I 1877 kunne turistar stoppe i "Svingen" (Nutheim) og få seg mat og losji.
Det utvikla seg eit lite handelssentrum rundt svingen, med gardsdrift, landhandel, bakeri, revagard, hotell, skysstasjon og slakteri.
Fru Thommesen eigde Nutheim nokre få år i byrjinga av 1900-tallet. Ho annla hagen nedanfor hotellet, med andedam, grusgangar, brydbuskar. Det var i denne tida at kunstnerane tok til å oppdage naturen i Flatdal og omkringliggjande bygder.  Les Mer...