BRYLLUP  -  DÅP  -  KONFIRMASJON  -  SELSKAP

SELSKAP
Vi har lang tradisjon for å stelle i stand til selskap, bryllaup, dåp, konfirmasjon, gravferd og ulike jubileum. For store selskap kan vi dekke til 75 personar i spisestova på Gjestgiveriet. For mindre selskap, der ein ynskjer ei privat og intim atmosfære, kan peisestova nyttast. Og ynskjer du verkeleg ei spesiell og annleis oppleving, tilbyr vi eksklusiv servering i Hjartdal Gamle Prestegard frå 1600 talet, for inntil 25 personar.

Treng du litt litt ekstra på fåfyll av aktivitetar eller kulturinnslag sjå kva vi kan tilby her....


BRYLLUP
På Nutheim kan de få brudevigsle, selskap og overnatting - alt på ein stad. Utover gode selskapslokaler og fasilitetar for utendørs bryllaupsservering, har vi eige kapell. I praktfull natur og historiske omgjevnader gjer vi dykk ei ekstra fin ramme på ein spesiell dag.


KAPELLET

Alt på ein stad! Nutheim Kapell ligg i Prestegarden (Hjartdal Gamle Prestegard) og er vigsla til økumenisk bruk.

Det er plass til 60 gjester i kapellet.